Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Fagseminar «Kan vipa reddast?»

Statsforvaltaren og BirdLife Hordaland inviterer bønder og vipeinteresserte til seminar om vipa i jordbrukslandskapet - Herdla museum torsdag 17. mars. Seminaret set søkelys på den kritisk trua vipa. Finst det effektive tiltak som kan ta vare på eller betre tilhøva for vipa?

Av BirdLife Hordaland

Publisert 16.02.2022

I november 2021 kom ei ny rødliste for trua artar i Noreg. Vipa har no tatt steget i feil retning, og er av ekspertkomiteen blitt vurdert som kritisk trua (CR).

BirdLife Hordaland har sidan 2015 hatt prosjektet «Vern vipa i Hordaland», gåande. Dette er eit samarbeid mellom vipebønder i fylket og fuglefolk i foreininga. For å motivere og bidra til å heve kunnskapen om vipa, inviterer prosjektgruppa saman med Statsforvaltaren i Vestland, til eit fagseminar om vipa. Prosjektet i Hordaland trenger flere rapportører gjennom hekkesesongen. Ønsker du å bidra til at vi får bedre kunnskap om vipa i fylket? Følge en lokalitet gjennom hekkesesongen? Da er dette seminaret for deg.

Seminar om vipa i jordbrukslandskapet

Seminaret vil ha faglege innlegg, og i tillegg vil vi setje av god tid til dialog. Etter seminaret inviterer vi til tur i reservatet, kor vipene er i gang med kurtise, song og spel. I 2021 var det 30 reir i naturreservatet, og mange viper vil no vende tilbake til den same hekkeplassen.

Det vil bli foredragshaldarar frå Universitet i Oslo og Bergen, samt NIBIO. BirdLife Hordaland vil orientere om prosjektet «Vern vipa i Hordaland» og konkrete tiltak for å redde vipa i naturreservatet. Statsforvaltaren vil orientere om vern og støtteordningar for tiltak.

Foredrag

  1. Vipa i Norge – fra vanlig til kritisk truet på 20 år (Førsteamanuensis Terje Lislevand, Universitet i Bergen) 
  2. Hekkebiologien til vipa og litt om kartlegging av hekkegrupper (Dr. Scient. Gaute Grønstøl, Universitet i Oslo)
  3. 3Q: Overvåking av vipa i jordbrukslandskapet – et landskapsperspektiv (Forsker Christian Pedersen, NIBIO)
  4. Vern og tiltaksmidler (Stein Byrkjeland, Statsforvalteren i Vestland)
  5. Vern og tiltaksmidler (Solveig Roald, Statsforvalteren i Vestland)
  6. Vipeprosjektet på Karmøy (Arnt Kvinnesland, BirdLife Karmøy)
  7. Vern vipa i Hordaland, erfaringer og satsinger (Harald Simonsen, BirdLife Bergen)

Program

Vipe
Vipekylling i Herdla naturreservat. FOTO: Lars Ågren