BirdLife Hordaland
Lokallaget i Bergen på tur til Austevoll, øyane uti havgapet!
Det er no ei god stund sidan lokallaget har vore på tur til Austevoll, så det var på høg tid med ein ny tur. Laurdag 22.februar kl 07.45 sto 18 deltakarar klare for superlokasjon Austevoll på Krokeide ferjekai, der me fekk fordelt alle i bilar før ombordkjøring.
Av Anita Nordeide
Publisert 25.02.2025
Det blei eit kjapt blikk ut over jordene på Hufthamar, utan hell, før turen gjekk til Storebø kor det har halde til ein gjeng med tyrkerduer ved ein godt tilrettelagt foringsplass. Der fekk me så vidt sett nokre av dei, og ein heil del annan fugl. Ei hyggeleg nabodame kom ut og lurte på kva som hende utafor stoveglaset hennar. Ho hadde ikkje sett tyrkerduene denne morgonen, men dei pla å koma når naboen matar, fortel ho. Plutseleg dukka denne andre naboen opp med mat. Slik kan det vera når jungeltelegrafen går i små bygdesamfunn. For ikkje å gløyma; medan me venta på at tyrkerduene forhåpentlegvis skulle koma attende, sende nabodama mannen sin sporenstreks til Europris for å kjøpa meir fuglemat, då det minka på maten til dei små fjørkledde vennane deira. Deretter bar det strake vegen til moloen på Salthella.
På Salthella møtte me Heine Halstensen, ein lokal fuglekikkar som skulle vera med og visa oss nokre av sine favorittplassar. Han venta der med sjølvaste redaktøren i lokalavisa Marsteinen, Trond Hagenes. Han ønska å laga ei sak om naturmangfaldsplanen til Austevoll kommune som er ute på høyring i desse dagar, der det mellom anna handlar om truga/raudlista artar.
Første stopp var rett oppi bakken, der det har halde til ei sanglerke eit par vekers tid. Og jammen var ho der ennå! Ho åleine var nesten verdt heile turen! Turen vidare gjekk over brua til Stolmen. Det første me såg der var eit par grågås, og for mange, årets første vipe. Vidare kjørte me til Våge der me såg blant anna stokkender, kvinand, diverse måkar, havørn, eit knoppsvanepar, og for mange, årets første tjeld. Gjengen var godt fornøgd med det!
Så kjørte me til andre sida av øya der me var nedom Mølna først. Det gøyaste der var nok jernsporven me såg! Ei toppmeis fann me og! Elles var det ein del småfugl ved ei foring der. I Kvalvåg kom skopa fram, og der var det mykje å sjå. Eit tresifra tal skarv, ein god flokk med haveller og nokre niser var noko av det som viste seg for dei skådelystne.
No begynte gjengen å få litt lågt blodsukker, så då bar det vidare for å eta lunsj heima hos Heine på Salthella. Austevollingane er som kjent gjestfrie folk :-)
Med ny energi innabords kjørte me nordover igjen. Nokre ender såg me langs vegen, elles ikkje så mykje. Deretter bar det strake vegen heilt ut til Kalve på Bakkasund. Der var det heller ikkje så mykje å melda.
Men plutseleg, ved eit stopp me hadde på vegen tilbake mot ferja, sjekka Anders Bjordal artsobservasjonar. Og der var det registrert isfugl nede ved sjøen ein plass på Storebø. I dag, og det for berre 1,5 time sidan. Då blei jo gjengen i fyr og flamme! Men dei bestemte seg for at det var best å reisa med ferja dei hadde peila seg innpå, for i helgene går det få ferjer, og det blei då litt for seint heim, fann dei ut. Det er ulempen med ikkje å vera landfast. Så oss lokale tok turen nedom for å sjå etter sjeldenheten, men fann han dessverre ikkje.
Så dagens tur oppsummert: Véret vart betre enn frykta, ein del vind var det, men regnet uteblei heldigvis. Og eg tør å påstå at Austevoll leverte varene i dag :-) Så då kunne ein glad og fornøgd gjeng vende nasa heimatt til fastlandet!