Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Turrapport Meling–Hiskjo

Den 16. mars arrangerte BirdLife Sunnhordland tur til Bømlo. Heile 14 personar var med på turen som gjekk frå Meling til Hiskjo. Det var strålande sol og rundt 5 grader, men diverre ein sur nordavind.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 17.03.2025

Første stopp på turen var ved Melingsvatnet. Der vart me ønskte velkomne av eit par grønfinkar som sat og song vårsongen sin frå grantoppane ved parkeringsområdet. Etter nokre minutt ved parkeringsplassen gjekk me ein liten tur langs traktorvegen i enden av Melingsvatnet. Her oppdaga me blant anna ein liten flokk med stillits og eit par grankorsnebbar som heldt ivrig på med konglefrø.

Neste stopp var på Kjøl. Vona var å få registrert vipe på artslista for dagen, men dei åtte vipene som vart observerte der dagen i førevegen var ingen stad å sjå. Det var likevel ikkje heilt tomt på bakkane i området. Me fekk sjå ein flokk med stare, nokre grågjæser og eit par skjerpiplerker. Ein rovfugl skremde opp stareflokken, men ingen av oss fekk sett han godt nok for sikker artsbestemming.

Etter ein kort stopp ved Sekk gjekk ferda vidare til Melkevika på Hiskjo. Her plar det vere gode sjansar for å sjå kommunefuglen til Bømlo, svartstrupe, men diverre var det nesten tomt for fugl då me gjekk runden langs grusvegen der. Den sure nordavinden gjorde nok at fuglane ikkje ville posere for oss. Eit lite plaster på såret var eit par tjeldar som sat på eit skjer som me kunne sjå frå hovudvegen på veg attende til bilane.

Tilbake ved bilane var det tid for litt mat, og medan delar av følgjet åt nista si, vart ein flokk silender skremde opp av nokre turgåarar utom Melkevika. Med kikkertane vende mot flokken steig spaninga då ein av oss oppdaga noko uvanleg – ein flott laksand-hann saman med silendene! Sidan dette er eit sjeldan syn på Bømlo, måtte funnet undersøkast nærare. Me flytta oss dei hundre metrane som skulle til for å følgje flokken, og jammen – der låg han, ein staseleg laksand-hann saman med silendene!

Etter dette funnet vart det halvvegs oppbrotsstemning, og om lag halve følgjet takka for seg. Resten av oss tok ein tur ut til Hiskjo. Der gjekk me ein tur opp til bunkeren som står att etter tyskarane, før me gjekk ein runde i innmarka. Der var det like fugletomt som ved Melkevika, men det var uansett fint å vandre litt i terrenget i vårsola.

Det vart ikkje det heilt store utbytet på fuglefronten denne dagen, men det er uansett alltid kjekt å samlast med folk som interesserer seg for fugl. Totalt vart det registrert 27 artar på turen og alle dei tre utlånskikkertane våre var i bruk.

Laksand
Denne flotte laksand-hannen vart oppdaga mot slutten av turen. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Speiding mot vest
Me hadde ein kort stopp ved Sekk. Det var godt vêr for testing av hue og vottar. FOTO: ©Lars Johan Lysen