BirdLife Hordaland
Jæren
Det blei ein «anderik» og svært vellukka tur til Jæren med Bergen lokallag 25.-27.10.24
Av Anders Heien
Publisert 04.11.2024
Mange i lokallaget synes det er kjekt i blant å kikke etter fugl også utafor våre heimlege og ofte titt besøkte lokalitetar. Skal ein dra utafor fylket, må ein overnatte, og i år var det Bryne Kro -og hotell som fekk «æra» av å huse åtte av dei tolv deltakarane frå Bergen. Enkelte bergensarar bruker mykje tid til fuglekikking på Jæren, så Egil og Laila hadde full oversikt over kor det var observert sjeldne og mindre sjeldne fuglar på Jæren etter eit par-tre vekers opphald der sør.
Me andre kom fram spreidd utover heile fredagen, så turleiar Dag avtalte møte for alle kl 20 på hotellet fredagskvelden for å planlegge morgondagen. Amerikablesand og brilleand var to av dei artane me håpte å få sjå. Så me starta på Nærland, og det gjekk ikkje lang tid før den flotte amerikablesand-hannen blei sett. Ein ny art for fleire av deltakarane. Også ei ringgås har halde til her, og den fekk me og med oss. Ein svarthalespove flaug over oss, og artslista blei ganske lang dei to timane me stoppa der. Dette er ein god rasteplass for både vadarar og ender.
Dagane seint i oktober er korte, og lyset må nyttast effektivt, så me hasta vidare nordover mot Erga, opp på «åskanten» i sør, der ein får god oversikt over Ergavatnet. Vatnet er ein hotspot for ender, bl.a. såg me 20 taffelender, ei lappfiskand, seks bergender, nokre snadderender og stjertender, samt toppender, kvinender og «tallause» flokkar med brunnakkar, krikkender og stokkender. Både toppdykkar, dvergdykkar og horndykkar blei sett. Og ikkje mindre spektakulært, ein myrhauk jakta langs- og over sivskogen og blei godt sett av alle.
Neste stopp: Revtangen. Me håpte kanskje at alarmen om noko særskilt spennande skulle gå frå ringmerkingsbua på Reve, men ikkje denne morgonen. På Revtangen bles det rimeleg godt, bruk av teleskop blei ei utfordring, og dei stasjonære artane hadde me allereie sett tidlegare. Iveren etter å få med seg brilleanda tok overhand, så me kosta nord til Solastranda. Lyset var heldigvis godt, for sjøorrar, svartender og det som potensielt kunne vere ei brilleand låg langt ute frå der me sto. Men Terje tok også denne gongen ansvar og fann den kvite nakkeflekken og panna, som begge lyste godt opp medsols, laaangt der ute! Stor jubel, og nok ein ny art for fleire.
Ved den mekaniske verkstaden nord i Grudavatnet, tok med lunsj , kanskje ikkje i naturskjønne omgjevnader, men på ein god utsiktsplass for fuglane i Vasshusvika. Her føya skjeand seg til artslista, og det er kanskje her det er flest snadderender og lappfiskender blant dei anderike vatna på Jæren. Også vannrikse gav lyd frå seg. I motsett ende, mot Gruda, stod dei to egretthegrane som har vore ganske stabile her.
Det lei på dag, me snudde nasen mot Orrevatnet for å få med oss litt meir gjess enn den eine ringgåsa me hadde til no. Og her trekte ein bra flokk kortnebbgås over oss, og grågås kom og på blokka. Om ikkje den første myrhauken var nær nok; på Nese dukka ein ny opp, endå nærmare, til glede for fotografane. Nådde me meir i dag? Ja, Søylandsvatnet måtte me klare før det skumra for mykje. Men etter at ein musvåk vart sett der av nokre, slo regnet til. Det blei grått og vått for første gong denne vermessig usikre dagen. Me hadde absolutt hatt flaks med veret! Men no freista det meir med ein felles middag kl 19 på hotellet.
Bjårvatnet er det sørlegaste av dei kjente, gode vatna for ender og dykkarar. Så søndagen starta i sør ved Brusand. Alle andeartar var nok i boks allereie, men fire lappfiskender var fleire enn dei me hadde i Grudavatnet og Ergavatnet. Frå før hadde me tre artar dykkarar. Også her vart ein dvergdykkar sett, og fleire toppdykkarar og horndykkarar enn me hadde dagen før. Kunne det vere sjans for den fjerde, gråstrupedykkaren? Ja, etter iherdig skåding var det igjen Terje med sitt velbrukte, «grøne» teleskop som plotta han! Fire dykkarartar i Bjårvatnet.
Spurvefugl hadde me få av på lista, så me kjørte opp langs Fuglestadåna for i det minste å krysse ein svarttrost eller to.. Det blei både trost, meis og fink, og tre spurvehaukar. Veret var igjen på vår side, men vinden auka på frå nordvest, så neste stopp, Kvassheim hamn, blei vindfull. Dag var kjapp og kompletterte rekka med ender med nok ein art, ei laksand. Den 19. i rekka! Også ei svartkråke blei sett.
Grødalandskogen er ein lun oase for trekkande småfugl på Jæren. Noko overraskande og skuffande var at mykje av granskogen er hogd, og området ved stemmen i midten er ikkje lenger så lun som han var. Litt fleire spurvefuglartar blei likevel notert, og ei vannrikse gav også her lyd frå seg.
Frå Grødaland drog dei fleste igjen til Sola for kanskje å få brilleanda på nærare hald. Men no tok det jærske haustveret over. Kulingen sto på frå nordvest og gjorde skåding umuleg, men skapte ideelle forhold for brettsiglarane, som no dominerte Solavika. Totalt observerte me heile 93 artar, bokført som vanleg av Terje.