Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Tur til Søra Bømlo med Sunnhordland lokallag

16. februar arrangerte Sunnhordland lokallag tur til Søra Bømlo. Fem medlemmer møtte opp i det strålande flotte vêret. Me samla oss i to bilar og tråla dei fleste aktuelle sjølokalitetane, i tillegg til nokre lokalitetar på land.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 27.02.2025

Dei to første artane vart kryssa allareie på vegen til oppmøtestaden, for der sat det nemleg ikkje mindre enn 16 kaier og venta på ein streng, i tillegg til ei kornkråke. Begge artane opptrer normalt i sparsame antal på Bømlo, så det vart ein god start på dagen. Ikkje lenge etter me hadde samlast i bilane fekk me kryssa av årets første teist for Bømlo. Ferda gjekk vidare til ei fôring der me fekk sett fleire artar som er forventa å finne rundt fôringsplassane på Bømlo, som kjøtmeis, dompap og grønfink. På veg attende til bilane fekk me auge på årets første flaggspett for Bømlo, som sat i toppen av ei høg gran.

Etter dette bar det vidare til indrefileten når det kjem til både ærfugl- og måselokalitetar på Bømlo, nemleg Vespestadvågen, også kjend som Eidesvik. Her blir det kvar vinter observert spesielt ærfugl og gråmåse i store antal, i alle fall i Bømlo-målestokk. Diverre ser tala ut til å gå på ned for begge artar på denne lokaliteten. Likevel vart me ikkje skuffa, for me hadde ikkje vore lenge på plassen før det vart halvvegs ropa ut; «grønlandsmåse»! Fuglen var i lufta og heldt seg ei stund på såpass lang avstand at resten av følgjet streva med å plukka den ut blant alle gråmåsane den flaug saman med. Men til slutt kom fuglen flygande rett mot oss, og over hovudet på oss, så då fekk alle sett den greitt før den dreia og igjen flaug bort frå oss. Med dette var den tredje nye årsarten for Bømlo i boks. Tidspunktet fall saman med påbyrjande middagssvolt hjå dei oppmøtte, og ferjetidene for dei som skulle over Bømlafjorden. Sjølv om oppmøtet kunne vore betre vart det alt i alt ein vellukka tur til søre luten av Bømlo. Totalt registrerte me 28 artar på turen.

 

Grønlandsmåse
Denne flotte vaksne grønlandsmåsen vart oppdaga på turen. Det er ikkje til å utelukke at dette kan vere snakk om eit returnerande individ, då det i 2023 vart registrert ein 3K grønlandsmåse på same plass, og i 2024 ein 4K. FOTO: ©Espen Bore Hollund