Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Bergen lokallag til Fusa 26.4.

17 av 19 påmelde møtte opp på Midtun skule kl 07 for å dra til Vinnesleiro naturreservat og tre andre lokalitetar i vakre Fusa. Og det i det beste vårveret ein kan drøyme om i april månad!

Av Anders Heien

Publisert 27.04.2025

Men så er det jo slik at eit godt turver ofte ikkje samsvarar med godt fuglever. Det var likevel bra med fuglekvitter då me møtte dei tre lokale fusingane ved parkeringa i reservatet. Jan Tor Aakre var ein av dei tre som var med oss vidare som lokal kjentmann. Det var litt fjøre sjø, så me håpte på vadarar på mudderbankane her. Tjelden var på plass, men den neste vadar-arten dukka først opp etter at me hadde runda Neset og skulle ha oss lunsj etter eit par timars gange på turstien. Det var til gjengjeld for mange av oss årets første strandsnipe. 

Berggrunnen her er kalkrik og består av fyllitt og glimmerskifer, noko som gjer vegetasjonen variert og frodig- og artsrik. Også fuglelivet er rikt. Det var ikkje lange avstanden mellom syngande gransongarar, munkar, blåmeiser, raudstrupar, gjerdesmettar, jernsporvar o.a. Også lauvsongaren var komen no dei siste dagane, fortalde Jan Tore, som er ofte i området. Også ei dvergspett både tromma og song.

Då me hadde kosa oss med lunsj i sola i selskap med strandsnipa, rusla me tilbake til bilane og køyrde ned til Skagen. Lommar og ender som har halde til her i vinter er no farne vidare, men ein steinskvett som var observert ei stund, var på plass i steinane i strandsona. 

Etter tre timars gange i flatt skogsterreng var det tid for å bryne oss på litt motbakkegåing. Det er ein bratt grusveg opp mot Dallandstølane, så her fekk me opp puls og sveitte litt, før landskapet opna seg med flotte setervollar og vidt utsyn over fjord og fjell. Men no var det så stille og fint at også fuglane tok det roleg i sola. Det var lite fugleliv å melde her oppe.

Siste stopp var Skjørsand kai før ferga kl 15. Litt sjøfugl låg utpå, men ingenting nytt å notere. Me kikka etter vintererla i elva her, men den var ikkje å sjå denne dagen. Men så gjekk det rykte om ein potensiell rødtoppfuglekonge som skulle vere høyrt og sett lenger inne på Skjørsand. Me er ikkje vanskelege å be, og tid nok hadde me, så me køyrde inn for å sjekke plassen utan å finne anna enn regulus regulus.

44 artar blei smidig lagt inn av Jørn via appen hans, men det var håp om ein art til på returen til Bergen. Ein bil hadde stoppa i Kalandsvika, og nokre få hadde fått sett årets første buskskvett der. Og jammen var han på plass framleis. Til stor glede for oss alle, og ikkje minst for Terje som hadde gått 18729 skritt i Fusa utan eit einaste årskryss!

Ein skikkeleg gå-tur blei det altså denne vakre vårdagen. Godt då at den 46. arten kom gåande MOT oss på parkeringa ved Midtun. Den velkjente mandarinanda tykte me hadde gått langt nok!

Ein fornøgd turgjeng
Ein fornøgd turgjeng FOTO: Anders Heien
Herleg rast på Dallandstølane
Herleg rast på Dallandstølane FOTO: Michael Fredriksen
Mykje å høyre i skogen i reservatet
Mykje å høyre i skogen i reservatet FOTO: Michael Fredriksen