Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Skåding på Geitingneset

Som alltid om hausten hadde BirdLife Bergen lokallag også i år lagt opp til ein skådetur på Geitingneset ytterst på Herdlevær.

Av Anders Heien

Publisert 02.10.2024

14.9.2024: Veret var gunstig, ein dags pause frå regnet, vind frå søraust, kuling i kasta utover føremiddagen. Men så er det og alltid slik at ein ikkje veit om det likevel er duka for eit visst trekk frå nord. Uvissa er ein del av spenninga ved skåding. Ville det vere tid for alkefuglane snart? Kva med gjess? Er vadartrekket på hell? Tja, i alle fall denne dagen…nokre små flokkar med tjeld trekte sørover, eit par lappspovar, ein sandlo og ei polarsnipe. Dei andre artsgruppene dukka ikkje opp. Høgdepunkta denne dagen var ein dvergfalk som dukka opp fleire gonger over holmane i nord der han jakta småfugl. Ein lys tjuvjo trekte sakte sørover på svært godt hald.

Me var ni stykk som delvis benka seg (tre tok til takke med berg under rompa) der ute. Så det er ganske god kapasitet i «salongen» til Terje og Jørn. Men når det manglar fugl i skopet, kan ein alltids prate om laust og fast, så stemninga heldt seg oppe dei tre tiimane vi blei sitjande. Då vi støle og stive rusla innover mot Herdlevær, håpte nok mange på å få med seg hauksongaren som har halde til der nokre dagar. Men den viste seg ikkje denne dagen. Så mottoet til Terje: «Det skjer alltid noko spennande når ein skådar» fekk seg ein «trøkk» denne gongen. Men det skal meir til for å ta livet av eit godt motto.

Skådarar
Når skådarar gløttar opp frå teleskopet og smiler til fotografen, er det eit dårleg teikn. FOTO: Anders Heien