Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Fana rundt med BirdLife Bergen

Som alltid i januar gjekk årets første tur i regi av BirdLife Bergen til fuglelokalitetar i Fana. «Fana rundt» ein gammal travar blant turmåla våre, men det ser ikkje ut til at folk går lei av den grunn - tvert imot.

Av Anders Heien

Publisert 30.01.2024

Heile 28 personar møtte på Midttun skule, det er ny rekord på denne turen. Den faste turleiaren på denne runden, Bjarne BL Andersen måtte ta fram gamle klassestyrarkunster og fordelte raskt alle inn i heile sju bilar. Dagen baud på opphaldsver, men med litt aukande vind etter kvart. Ikkje dagen for uvanlege artar, men folk koste seg på runden, med stopp på Espeland, Biologisk stasjon, Stend, Milde, Hamretjern/Klokkarvatnet og med avslutning ved Nesttunvatnet. 

 

Deltakarar
Her er gjengen, minus ein, samla i den japanske hagen på Milde, smilande, sjølv utan å ha høyrt vannriksa. FOTO: Anders Heien