Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Havørna ER ein del av naturen

Debatten om havørnbestanden og havørna sin verknad på andre sjøfuglar dukkar ofte opp. Årsakene bak ønskje om å skyte havørn er høgst variabel, og den siste tida er vi på nytt minnte om at «lekfolks» synsing for enkelte er viktigare enn all verdens dokumenterte viten. Men havørna er ein del av naturen, og bestanden treng ikkje verte regulert.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 30.08.2024

Synsinga kjem i form av «erfaring» som skal «vise» at «ørna» kjem tilbake som art sjølv om ein «eliminerer» lokale individ. Det vil gje liten risiko, minimale «kostnader» og raske resultat. For havørna betyr ei slik tilnærming at heile Sør-Norge må vurderast som eit «lokalt» område, og at «raske resultat» omfattar tidsrom på 50 år eller meir. Det var nettopp «utprøving» av gevær over ein periode på meir enn 100 år (etter stortingsvedtak i 1845) som medførte rovviltutrydding i stor stil, hos oss som i mange andre land. Det var i alle fall uansvarleg.

Johan Brox sin leiarartikkel i avisa «Dag og Tid» for eit par veker sidan er diverre i tråd med «lekmannsskjønet» som vert eksponert i alt for mange samanhengar i naturforvalting. Også blant våre politikarar, sist ved eit utspel frå ordføraren i Vardø om å «eliminere» havørn frå Hornøya – ikkje av omsyn til fuglelivet, men for reiselivsnæringa lokalt.

Kva med å regulere forstyrring frå FOLK som trampar inn på sjøfuglane sine einemerke? Det er definitivt på sin plass å minne om at verda eksisterte lenge før ørnefredinga i 1968, og at både lekfolk og styrande i gammal tid hadde eit nært og praktisk høve til og ei respekt for naturen sitt mangfald av liv – i eit samspel som i stort var langt rikare og meir hardført enn notida sin utarma natur.

leiarartikkel frå 16. august startar Johan Brox tidsrekninga i 1968. Då snudde havørna med fritt spelerom opp ned på vilkåra for alle andre kystfuglar, skal vi tru leiaren. Men skriftlege kjelder frå minst 200 år tidlegare og 100 år før skotpremie på havørn, gir eit heilt anna bilde.

I «Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» fra 1762 skildrar presten Hans Strøm kyst- og sjøfugl, og fuglefjellet på Runde MED havørna som naturlig medspelar:
Fiske-Ørnen som er noget større; paa Hals og Ryg lysebruun og hvidspraglet: paa Stierten hvid og lidt sort i det Yderste; men paa Neb saa vel som paa Fødder guul. Denne opholder sig gemeenlig ved Strandbredden og nærer sig meest ved Fiskerie; tager og undertiden fat paa de store Helleflyndrer, men med saa slet Udfald at den selv maa gaae til Grunde.

Presten Stevelin Reutz (1743) også om havørna:
Ørnen. Deraf ere tvende Slags, et meget store og lysebrune, som ernærer sig af Fisk, den Otteren og Kobben drager i Land. Den tager og selv levende Fisk med sine Kløer af Søen, naar den svømmer øverst paa Vandet.

Etter kjelder som fins, var havørnbestanden då etter alt å dømme på nivå med dagens. Skildring av andre kyst- og sjøfuglar viser stor arts- og individrikdom.

Fuglefjellet på Runde myldrer av liv, som lunden:

Denne Fugl falder ligeledes i temmelig Mængde paa foran nævnte Rundøe, hvor den opholder sig paa Fjeldets flade Afsætninger, og, i Stæden for at bygge Rede, graver sig et Hul i Jorden, hvis Aabning snart tildækkes af Græsset, som der voxer hyppig, fordi det aarlig faaer Gødning af Fugle-Skarn. Øens Beboere vide og temmelig vel at benytte sig av denne Herlighed, i det de med Jern-Kroge trækker Fugle ud af sine Huler, og fylde saaledes hele Baade med døde Lunder, Lomgiver og Alker, hvilke de siden med Fordeel sælge.

Dette vitnar ikkje om at sjøfuglane betalte ein for høg pris for den tids u-regulerte havørnbestand. Tvert om kunne kystbefolkninga tydelegvis hauste rikeleg av «overskotet».

Nedgangen for sjøfugl på Runde starta i 1971 ved akutt mangel på mat innan rekkevidde frå øya, også for den mest talrike arten krykkje. Med unnatak for to år på 1980-tallet var det nær total kollaps for krykkje, og i praksis ingen avkom til å erstatte naturleg avgang. Etter 40 år var kolonien borte, naturleg nok, med maksimal levealder for krykkje på rundt 35-40 år.

I dag er tre havørnpar stasjonære på Runde etter eit fråvær på 80 år, og saman med dei to sjøfuglane som har hatt næringstilgang nok (makrell) dei siste 50 åra til å produsere ungar: Havsule, storjo, og til en viss grad lunde, som har funnet nok tobis, bleikeyngel og hyseyngel. Dei siste åra har andre sjøfuglar i dette øyriket nytta same matkjelde som lunde, og det har kome nye koloniar av sildemåke, terner og fiskemåke.

Til skilnad frå 1971 er havørnbestanden i dag metta med 65 par i dei sju kommunane i regionen. Og fuglefjellet på Gjemnessundbrua er ikkje nyetablert. Det kom like etter bruopninga i 1992 og har som næraste naboar fleire havørnpar på fastlandet og naboøyane, og vandrefalk like ved. Krykkjene trivs også med den type naboar, berre mat er tilgjengeleg.

Ja, det er mykje Johan Brox som sjølverklært lekmann ikkje veit om ørn og sjøfugl, men det faktum at artane har levd saman i tusenvis av år og saman har danna eit samspel av levande liv, burde vere meir enn nok til å vise at dette samspelet framleis fungerer og er ein integrert del av ein rik kystnatur.

Les også: Skyt ikke budbringeren: sjøfuglenes tilbakegang skyldes ikke havørn

 

Havørn
Hovedårsaken til at havørnbestanden i dag er levedyktig, er at havørna ble totalfreda i 1968. FOTO: Jon Arne Wilhelmsen
lomvi
Lomvien er kritisk truet, og har gått tilbake med 90 prosent siden 60-tallet. Matmangel og bl.a. drukning i garn har vært årsaker av betydning for den utviklingen. Lomvien legger egget sitt på fjellhyller eller mer skjult i steinrøysa. På steder der lomvi har hekket eksponert og åpent vil den måtte endre hekkestrategi etter artssammensetning og miljøfaktorer i omgivelsene, havørnas tilstedeværelse inkludert. FOTO: Jon Arne Wilhelmsen