Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Særtrøndske kongeørner

Politiske kommentatorar i Adresseavisa har det viktige samfunnsoppdraget å forklare resten av Norge kva som skjer i Trøndelag, har eit vittig hovud sagt. Vi i Norsk Ornitologisk Forening ser det nødvendig å peike på eit par ting om kongeørna i Trøndelag, etter fleire reportasjar i Adresseavisa.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 14.09.2019

I reportasje i Adressa 15. juli og oppslag 8. august får vi vite at det har vore store lammetap til kongeørn i prosjektområdet for studiar av tap og tapsårsaker på Fosen i sommar. Enkelte meiner til og med at det nå må gjevast løyve til å felle kongeørn i området. Det er ikkje vanskeleg å forstå sauebøndene sin frustrasjon når dei openbert har forventningar om at pågåande tapsprosjekt skal inkludere tiltak i tråd med det dei sjølve for lang tid sidan har konkludert som hovudforklaring på uakseptabelt høge tap av lam, nemlig at årsaka er ein stor kongeørnbestand lokalt, og at førebyggande felling av kongeørn vil løyse det meste av tapsproblema.

Vi spør oss om oppslaga er basert på faktakunnskap og erfaring, og er det i samsvar med dokumenterte fakta lokalt? Miljødirektoratet sin Rovbase inneheld opplysningar om skade frå rovvilt, inkludert kongeørn. SNO har totalt registrert 12 lammekadaver i Indre Fosen og nærliggande område i Åfjord og Verran i år, der konklusjonen er «drept av kongeørn». Kvantitativt er ikkje dette urovekkande, og det er ikkje vanskeleg å skjøne Fylkesmannen sin konklusjon om at grunnlagskravet for å gje løyve til felling ikkje er oppfylt. Men meir interessant: Funnmønsteret i Trøndelag skil seg påfallande frå det aller meste av landet elles i fordeling gjennom sesongen dei siste ti åra. Tapa i Trøndelag er på topp seinsommars, med mellom 40 og 50 % av alle registrerte kongeørntap av lam i landet i juli og august sjølv om fylket berre har rundt 10 % av landets sauetal. Av andre fylke er det berre Hedmark og Buskerud som har ein viss auke i kongeørndrepne lam etter midtsommar, men på markert lågare nivå enn Trøndelag. Hovudmønsteret elles er at kongeørntap har topp i mai/juni og låge tapstal seinare på sommaren, altså ein periode då lamma skal ha oppnådd betydeleg storleik og skal vere langt utafor den byttedyrstorleik kongeørna normalt går etter.

For NOF står det klart at her ligg nøkkelen til å forstå relativt høge tal for kongeørndrepne lam i delar av Trøndelag og særleg Fosen. Når totaltapa mange år toppar seg i juli og august, kan ikkje kongeørndrap i seg sjølv vere den reelle tapsårsaka. Det må vere andre årsaker som gjer dyra sårbare og utløyser ørneåtak. Kva med alveld, infeksjonar, parasittar og flåttborne sjukdomar som dominerer tapsbildet i kystfylka lenger sør? Kongeørn er ein av dei best studerte rovfuglartane globalt, og normal byttedyrfordeling hos kongeørn er 80 % under 1 kg og 90 % under 2 kg. I perioden frå midtsommar til haust har arten den beste byttedyrtilgangen gjennom året. Det er ulogisk og i strid med det som er kjent, at kongeørna skal velje energikrevjande byttedyr midt- og seinsommar, då dei fleste kongeørnene har redusert flyge- og manøvreringsevne i fjørskiftet og har sterkt behov for energiøkonomisering.

Naturmangfaldlova sin § 8 set krav om kunnskapsbasert naturforvalting. Stortingsvedtaket frå juni 2016 om å vidareføre tapsstudia av lam på Fosen og i Troms med særleg fokus på kongeørn, og å sjå på eventuelle endringar i skadefellingsforskriftene for kongeørn, vektlegg  kunnskapskravet. Det må derfor vere eit særleg ansvar for politikarar og fagstyresmakter, saman med ansvarleg faginstitusjon for gjennomføring av nemnde prosjekt, å sjå til at allereie føreliggande faktakunnskap vert aktivert, og ny kunnskap samla i samsvar med intensjonar og godkjende prosjektplanar, før det vert sett i verk tiltak som til no fagleg ikkje kan vere tufta på lovverket sitt kunnskapskrav.

Kvar er fagstyresmakter og faginstitusjonar når sauenæringa lokalt og lokal-/regionale politikarar er kunnskapsformidlarar og kravstillarar, når det er openbert at tapsproblema må vere resultat av bakanfor liggande årsaker og ikkje kongeørntap isolert. Det er sentralt å få på bordet veterinærmedisinsk vurdering av kadavermaterialet og for alle innsamla daude dyr. Om det er så å forstå at det også i år, som i 2014 og 2015, har vore nytta for lang tidsfrekvens for dødsvarslarar til å sikre godt nok kadavermateriale, slik ein kan få inntrykk av gjennom oppslaga i Adressa nyleg, må det vere all grunn til å etterlyse, endå meir no enn i 2014-2015, kvalitetssikring av prosjektet. Det er denne gongen snakk om eit prosjekt med fem års tidsramme og med budsjett på meir enn 20 mill kroner! Dei to første åra er nær unnagjort. Det i seg sjølv bør setje betydeleg større krav til at prosjektet vert gjennomført i samsvar med intensjonane om å klarlegge samanhengane til andre tapsårsaker, skissert i oppslag om prosjektet ved val av ansvarleg faginstitusjon i 2017 og ut frå det faktum at prosjektet presenterer seg som eit samarbeid med bl.a. veterinærinstituttet.

Det er derfor verdt å merke seg at også NINA som ansvarleg for forskningsprosjektet, tidleg i vår, då dei summerte opp første sesong, antyda moderering av denne delen av prosjektet for resten av tida, når det å sikre veterinærmedisinsk sjekk av alle kadaver vart redusert til «.. så langt mulig ...». Det lyder ikkje lovande for fullføring av eit prosjekt som har tatt mål av seg til å klarlegge kongeørna som skadegjerar på beitedyr. Det vitnar heller ikkje om særleg respekt for kunnskapskravet når ein av saueeigarane i prosjektet, trugar med å trekke seg fordi prosjektet legg vekt på å klarlegge dødsårsaker før det vert sett i verk felling av kongeørn.

 

Kongeørn
Når totaltapa mange år toppar seg i juli og august, kan ikkje kongeørndrap i seg sjølv vere den reelle tapsårsaka, skriv Alv Ottar Folkestad. FOTO: Bjørn Erik Hellang