Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Bømlo-skjergarden leverte varene

Den 1. september arrangerte BirdLife Sunnhordland båttur langs vestsida av Bømlo. I «reklamen» for turen vart det lokka med at ein på gode dagar kunne rekne med å sjå blant anna polarsnipe, sandløpar og steinvendar ute i den nydelege Bømlo-skjergarden. Vêret var, som dei seier på Bømlo, «heilt aldeles», med klår himmel, nesten vindstille, fin temperatur og roleg sjø.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 14.09.2024

Hovudmålet for turen var å leite etter vadarar som hadde seg ein pause på skjera før det vidare trekket mot sør. Derfor var starttidspunktet for turen lagt til om lag halvannan time før lågvatn. Teorien var at fuglane tek ein pause i trekket når det er mest å mat finne, altså i fjøra ved lågvatn.

På veg ut mot første skjeret forsøkte eit par tilreisande fuglekikarar frå midtre luten av Hordaland så godt dei kunne å spreie mismot i flokken. «Det er for fint vêr», var beskjeden. «Herdla blir gjerne tømt for fugl på slike dagar». Fulle av mismot tøffa dei seks deltakarane seg ut mot havet, usikre på om det i det heile var noko fugleliv å finne ute på skjera.

Etter rundt 10 minutt var det framkomst ved det første skjeret, og me kunne ane konturane av at spådommen frå bergensarane kunne gjerast skam på. Det vart nemleg ein god start på turen, og me såg eit godt knippe av både tjeld og polarsniper, i tillegg til ein sandlo. Etter å ha sett nokre fjøreplyttar på Måksteinen tøffa me oss eit stykke vidare, litt lettare til sinns. Då me kom fram mot neste delmål viste den majestetiske havsula seg fram, og avslutta oppvisninga med eit elegant stup. Sandløparane sat på det skjeret der dei «alltid» sit på slike dagar, og etter litt meir innsats kunne me også krysse av steinvendar myrsnipe på lista. Det vart også dokumentert ein einsleg smålom på trekk langt ute over havet. Turleiaren pusta letta ut, og var i grunn nøgd med det førebelse resultatet av turen, medan han retta båten mot eit ny liten holme. No ville alt anna vere bonus.

På veg mot holmen trekte det ein flokk på rundt 30 tjeldar forbi oss. På den nye holmen fann me ein del vadarar, men ingen nye artar kunne kryssast. Det var då det kom beskjed frå dei tidlegare pessimistane frå Midthordland om at «me må ta ein runde til rundt denne holmen!». Det var ein fugl dei var usikre på, og som me måtte sjekka ein gong til. Det viste seg å vera ein steinvendar – ikkje veldig spanande. Men, i det me var i ferd med å avslutte runde to fekk me sjefskryssaren i Hordaland plutseleg auge på ei dvergsnipe! Dette er ein art med relativt få observasjonar på Bømlo, så dette var ein særs god bonus!

Totalt vart det registrert ti ulike vadarartar på turen, noko som er i øvre sjiktet av kva ein kan forvente på ein slik tur. Det var nok tjeld som rangerte øvst på lista, med rundt 60 trekkjande individ fordelt på tre flokkar, i tillegg til at det sat nokre på forskjellige holmar og skjer. Blant dei andre vadarartane som vart observerte, var det mange sandloar, fjøreplyttar, polarsniper, sandløparar og steinvendarar. I tillegg fann me ein einsleg raudstilk på eit skjer.

Det er alltid spanande å sjå kva vêr som ventar når ein legg planar fleire månadar i førevegen, så at ein skulle treffe så til dei grader godt på fyrste forsøk var utruleg gildt! Takk til alle som deltok og var med på å gjere dette til ei flott oppleving!

Dvergsnipe i sikte
Dvergsnipe i sikte FOTO: ©Espen Bore Hollund
Gråhigre
Denne gråhigren var den siste fuglen som vart notert på turen, på veg inn i båthamna. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Sandløpar og polarsniper
Sandløpar og polarsnipe var å finne på fleire av skjera FOTO: ©Espen Bore Hollund