Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Fuglefestival på Liseth – litt sol – litt regn – meir vind – mest kjekt!

I midten av juni, frå den 14. til den 16., var det igjen duka for fuglefestival på Liseth. Allereie før dei fleste var komne fram, tikka det inn ei melding om at to haukugler og to rosenfinkar var på plass – begge gjeve artar å sjå for den jamne fuglekikkaren i Hordaland, og fleire av deltakarane fekk oppleva desse artane for første gong. Likevel var det nok dei alltid like flotte gulerlene som i størst grad dominerte luftrommet, der dei flaug fram og tilbake med mat til sine kjære små.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 21.06.2024

Etter at me hadde innkvartert oss og slurpa i oss nokre skåler med betasuppe fredag kveld, var det tid for sosialt samvær og quiz. Frank Helén Pedersen hadde snikra i hop ein litt annleis quiz enn me er vane med, men den raude tråden var sjølvsagt fugl. Quiz-laga fekk brynt seg på ei rekkje spørsmål om alt frå artistar som hadde namn som kunne setjast i samanheng med fuglar, til vrine flagg med innvovne fuglemotiv.

Å delta på fuglefestivalen til BirdLife Hordaland er ikkje eit latmannsliv, og programmet starta kl. 06:00 både laurdag og søndag. Då kunne morgonfuglane velja mellom å vera med på ringmerking eller vandring i nærområdet, med fokus på fuglesong. Allereie under oppmøtet klokka seks laurdagsmorgonen fekk deltakarane gleda av å oppleva den flotte rosenfinkhannen som sat og song rett utanfor pensjonatet. Ikkje lenge etterpå fekk ringmerkinga ein pangstart då rosenfinken hang i nettet. Dei skodelystne fekk då oppleva denne flotte fuglen på nært hald, før han vart sett fri igjen. Vêret var ikkje optimalt, med litt duskregn i lufta, og ein del vind, så det var relativt sparsame antal med fuglar som hang i netta, men andre artar som fekk ring rundt foten denne helga var gråtrast, linerle, gråsisik, sivsporv og blåstrupe.

I vekene før fuglefestivalen, kunne store delar av Sør-Noreg oppleve ein unormalt varm vår. Dette hadde også sett eit tydeleg preg på fuglelivet oppe i fjellheimen, der fleire av artane var komne godt i gang med hekking. Kombinasjon med eit antatt stort antal med rugande fuglar, og at vêrgudane ikkje spelte heilt på lag, var kanskje grunnen til at det yrande fuglelivet me hadde håpa å finna, berre i nokon grad lét seg observera? Ein indikasjon på at det var fleire fuglar rundt oss enn me ante, var at tre blåstrupehannar på kort tid fann vegen til nettmaskene, samtidig som me berre visste om éin hann i området.

Laurdag var det, som sedvanleg, tur til Isdalen. Der fekk me sjå blant anna trane, storlom, kongeørn og dobbelbekkasin. Det var nok fleire som også hadde håpa på å få sjå svømmesnipe, men det ser diverre ut til at dei ikkje har gått til hekking der i år. Etterpå gjekk turen nokre kilometer austover, der me fekk gleda av å sjå både blåstrupe, vendehals og grønstilk i full hekkemodus.

Tilbake på pensjonatet laurdagskveld var det tid for å gjennomføre årsmøtet. Dette gjekk udramatisk føre seg, og etter ein liten halvtime var alle sakene klubba gjennom og nytt styre på plass.

Etter ein betre middag var det klart for føredrag, som i år vart halde av Kjell Bitustøyl. Bitustøyl har med sine over 50 år med vandringar og observasjonar på Hardangervidda opparbeidd seg eit solid kunnskapsgrunnlag om kva som rører seg i det som er det største fjellplatået i Europa, og det største naturreservatet i Norden. Kjell engasjerte publikum med ei framifrå evne til å formidle, og trass i at føredraget varte i halvannan time klarte han å engasjera publikum heilt til siste ord. Diverre kunne han fortelje om fleire fugleartar som i tidlegare tider var vanlege på Hardangervidda, men som no berre er att med ein liten bestand, eller som til og med er heilt borte som hekkefugl på dette unike fjellplatået.

Søndagsmorgonen var det igjen tid for fuglesongtur. Denne dagen var vêret noko lettare, og vinden hadde løya ein del. På runden før frukost fekk me blant anna oppleve gulsongar, svartkvit flugesnappar og raudstjert, så vel som både harepus og vånd. Etter frukost vende nokre nasen heimover, medan andre køyrte austover, og sjekka fleire lokalitetar fram til Dyratjørnane. Fleire av dei typiske fjellfuglane viste seg med sitt blide åsyn, og spesielt eit par fjellerker som mata ungar vekte begeistring. I tillegg fekk dei som heldt ut lengst med seg ei stjertand, som er ein uvanleg art på Hardangervidda.

Fuglefestivalen på Liseth blei nok ein gong ein suksess, og trass i at vêret ikkje var heilt optimalt, fekk me oppleve eit breitt spekter av fugleartar. Kort oppsummert bar helga preg av hyggeleg samvær, og både ringmerking, fuglesongturar og føredraget til Kjell Bitustøyl var høgdepunkt gjennom helga.

Til slutt vil me retta ei stor takk til vertskapet på Liseth for gjestfri mottaking og god servering. Takk òg til alle som deltok på festivalen og gjorde helga til ei minneverdig oppleving!

Fuglefestival på Liseth 2024

Haukugle
To haukugler heldt seg i området heile helga. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Blåstrupe
Blåstrupe fotografert på Maurset FOTO: ©Espen Bore Hollund
Ringmerking av blåstrupe
FOTO: ©Ragnar Vikøren
Klare for vanding i Isdalen
FOTO: ©Ragnar Vikøren
Rosenfink i hand
FOTO: ©Espen Bore Hollund