Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Vipe i knipe!

NOF Sogn og Fjordane starter eit treårig prosjekt for å registrere hekkande vipe i Sogn og Fjordane. Ein viktig del av prosjektet vil og bli kontakt med bønder og grunneigarar for å sikre vellukka hekking for vipene som er att. Vi kaller prosjektet " Ta vare på vipa i Sogn og Fjordane.

Av Anders Braanaas

Publisert 11.05.2017

Norsk Ornitologisk Foreining i Sogn og Fjordane har på eige initiativ starta opp eit prosjekt for å kartlegge vipebestanden i Sogn og Fjordane. Vi håper i løpet av ein treårsperiode å finne dei viktigaste gjenværende hekkeplassane for vipe i fylket vårt.

Vipa er ein fugl i alvorleg knipe. Dei siste 30-40 år er bestanden i landet redusert med meir enn 80 prosent. Truleg gjeld det same i vårt fylke. Det er heilt naudsynt å gjere tiltak for å stoppe tilbakegang i bestanden dersom vi vil ha denne vakre og særprega fuglen i kulturlandskapet vårt i framtida. NOF i Hordaland er godt i gang med eit tilsvarande prosjekt og vi ønskjer å henge oss på deira opplegg og dermed styrkje arbeidet ved å utvide det geografiske området for vipekartlegginga til heile det sentrale vestlandsområdet.

Vipa er ein art som hekker i all hovedsak på dyrka mark. Ho kjem til landet i starten av april. Egglegging skjer i ytre strøk truleg frå midten av april, og lenger inn i fylket fram til midten og slutten av mai. Ruginga tek 24-31 døgn. Når ungane er klekkte held deg seg i nærleiken av reiret og vert passa og varma av hoa dei første 14 dagane. Hannen syter for vakthold og ein kan ikkje unngå å bli varsla om ein kjem nær reir og ungar. Etter ca 30 dager er ungane flygedyktige og er etter dette ikkje så lett å skille frå dei vaksne. Siden reira ligg på dyrka mark og ungane gjerne held seg i slåtteeng og på åkermark er dei svært utsette for å bli øydelagde og drepne av traktor og jordbruksredskap. Med stadig tidligare slått og meir intensivt landbruk er det naudsynt at bonden syner ansvar dersom vi skal klare å berge dei siste vipene. Vi kjem attende til korleis dette praktisk kan gjerast ved eit seinare høve.

Prosjektet Ta vare på Vipa i Sogn og Fjordane vil som tidlegare nevnt strekke seg frå 2017 til 2019. I år vil vi i hovudsak ha fokus på å registrere vipe på hekkeplassar heile fylket . Til det treng vi di hjelp. Vi ønskjer ein kontaktperson i kvar kommune, som kan ta eit spesiellt ansvar for registeringane i sin kommune. Utover det oppmodar vi alle som ser vipe i hekkesesongen frå april til juli om å rapportere sine observasjonar. Observasjonane må markerast på kart, ein må få med tal på vaksne fuglar, og evt rugande individ. Det er også viktig å registrere vellukka hekking med registrering av dunungar og ikkje flygedyktige viper.

Det kan gjerast på ulike måter:

1. Rapportere observasjon på Artsobservasjonar.

2. Sende epost til Jan Ove Sagerøy , janoves@yahoo.no 3. Sende SMS eller ringe Jan Ove på tlf 917 21 073 Dersom du har høve til å vere kontaktperson i ein kommune ber vi deg ta kontakt med Anders Braanaas på tlf 40103521 eller på epost: anders.braanaas@me.com 2018 vert hovedåret i prosjektet.

Dette året satser vi på ei grundigare registrering i alle kommunar med utgangspunkt i tidligare registreringar. Det er utarbeida eit skjema der alle opplysningar skal leggast inn. Det blir også fokus på kontakt med grunneigarar på hekkelokalitetane for å berge flest muleg reir og dunungar. Vi kjem tilbake til korleis dette kan gjerast både med skjemaføring og metoder for å ta hensyn til hekkande fugl i landbruket. Då håper vi så mange som muleg av fuglevenner Sogn og Fjordane vert med på ein dugnad for å ta vare på dei siste vipene. Ikkje nøl ta ein tur i bygda og sjekk alle jorder for viper. Vedlagt er eit kart som der observasjoner av vipe i perioden april-juli sidan år 2000 er plotta inn. Dette kan vere eit greit utgangspunkt for å sjekke status i dag, evt supplere med nye område.

Då oppmodar vi til slutt om ei aktiv viperegistrering siste del av mai. Beste helsing styret i NOF Sogn og Fjordane.

Vipekart
Plotta på kartet syner funn av vipe i hekketida ora 2000-2017. FOTO: Artsobservasjoner
Vipe i knipe.
Vipa hekker på eng og i åker. Den er svært utsatt for ruinering av reir og ungar om bøndene ikkje tek hensyn under arbeid på jorda. FOTO: Anders Braanaas