BirdLife Sogn og Fjordane
Hausttur til Værlandet og Bulandet
NOF Sogn og Fjordane inviterar medlemmer og fugleinteresserte til Værlandet og Bulandet. Det er 6. år på rad turen blir arrangert, og vi kan love spennade fugleopplevingar.
Publisert 20.08.2019
NOF Sogn og Fjordane arrangerer tur til Værlandet helga 11.-13. oktober 2018. Det er 6. året på rad vi arrangerer denne haustturen.
I løpet av siste året har 3 svært uvanlege fuglar vitja Værlandet og Bulandet. Det starta med blåkinnbieter i juli 2018, i oktober dukka ein eremittsnipe opp på Værlandet og i mai 2109 ein kvitkronespurv på Sandøy i Bulandet.
Oktober er ein spennande månad på fuglefronten, og ein kan rekne med at mykje fugl, også uvanlige og til dels sjeldne arter, passerer Værlandet og Bulandet denne tida på hausten.Vi vil ha fellesutflukter kvar dag denne helga, i tillegg er det enkelt å ta seg fram på eiga hand i øygruppa. Avhengig av vêr og vind vert det utflukt til Sandøy ytst i Bulandet laurdag/sundag morgon.Vi legg opp til at utfluktene skal gje utbytte for alle med interesse for fugl, både røynde fuglekikkarar og nybyrjarar, så her er det berre å henge seg på. Om véret er bra er det også mogeleg med ein båttur i Sørværet Naturreservat.
Laurdagen satser vi på felles middag der det er mulig.
Det er fleire alternative overnattingssteder både i Værlandet og i Bulandet. Aktuell overnatting er Værlandet Gjesteheim tel: 95778071, men vêr rask å tinge rom. http://destinasjonvest.no/overnatting/vaerlandet-gjesteheim/ . Sjå ellers informasjon om reise og overnatting mm på http://destinasjonvest.no tlf 993 21 740
Påmelding til Anders Braanaas tlf 40103521 eller e-post anders.braanaas@me.com . Ta og gjerne kontakt om det er spørsmål om reise , overnatting , fugl på Værlandet eller anna.