BirdLife Sogn og Fjordane
Fuglehelg i Værlandet og Bulandet
Siste helga i september september inviterer NOF Sogn og Fjordane til fugletur i øyriket vest i Askvoll kommune. Turen høver for alle med interesse for fugl!
Av Anders Braanaas
Publisert 22.08.2018
Fuglehelg i Værlandet og Bulandet.
NOF Sogn og Fjordane arrangerer tur til Værlandet helga 28.-30. September 2018. Det er 6. året på rad vi arrangerer denne haustturen.
Ein kan rekne med at mykje fugl, også uvanlige og til dels sjeldne arter, passerer Værlandet og Bulandet denne tida på hausten.
Vi vil ha fellesutflukter kvar dag denne helga, i tillegg er det enkelt å ta seg fram på eiga hand i øygruppa.
Avhengig av vêr og vind vert det utflukt til Sandøy ytst i Bulandet laurdag/sundag morgon.
Vi legg opp til at utfluktene skal gje utbytte for alle med interesse for fugl, både røynde fuglekikkarar og nybyrjarar, så her er det berre å henge seg på.
Laurdagen satser vi på felles middag på Værlandet gjestehamn - kroa til Gry.
Det er fleire alternative overnattingssteder både i Værlandet og i Bulandet.
Vi har holdt av ein del rom i Værlandet Gjesteheim tel: 95778071, men vêr rask å tinge rom.
http://destinasjonvest.no/overnatting/vaerlandet-gjesteheim/
Sjå ellers informasjon om reise og overnatting mm på http://destinasjonvest.no tlf 993 21 740
Påmelding til Anders Braanaas tlf 40103521 eller e-post anders.braanaas@me.com
Ta og gjerne kontakt om det er spørsmål om reise , overnatting , fugl på Værlandet eller anna.


