BirdLife Sogn og Fjordane
Fugletur til Værlandet og Bulandet
NOF Sogn og Fjordane arrangerer sin tradisjonelle hausttur til øyane vest i Askvoll kommune. Helga er 29/9 til 1/10, og i år kjem Bergen lokallag på vitjing same helg. Dette blir årets happening på fuglefronten i Sogn og Fjordane.
Av Anders Braanaas
Publisert 02.08.2017
NOF Sogn og Fjordane arrangerer tur til Værlandet frå fredag 29/9 til søndag 1/10.
Ein kan rekne med at mykje fugl og til dels sjeldne arter passerer Værlandet og Bulandet denne tida på hausten.
Vi vil ha fellesutflukter kvar dag denne helga, i tillegg er det enkelt å ta seg fram på eiga hand i øygruppa. Planlegging av neste dags utflukter vil skje i stova på gamleskulen i Værlandet kvar kveld.
Avhengig av vêr og vind vert det utflukt til Sandøy ytst i Bulandet laurdag/sundag morgon.
Bergen lokallag av NOF har invitert til tur same helg, så her vert det god muligheit for å lære og sjå på fugl med røynde folk.
Det er fleire alternative overnattingssteder både i Værlandet og i Bulandet.
Mange vel å bu på Værlandet Gjesteheim tel: 95778071, dette er eit rimeleg og sosialt alternativ, men vêr rask å tinge rom.
Sjå ellers informasjon om reise og overnatting mm på www.vaerlandet-bulandet.no eller på www.destinasjonvest.no
Ta gjerne kontakt med Anders Braanaas (401 03 521) om det er spørsmål om reise , overnatting , fugl på Værlandet eller anna.
I Værlandet og Bulandet er det pr 1/8-2017 registrert 232 ulike fuglearter. Kvart år og spesiellt om hausten kjem nye til. Som for andre utposter langs kysten er det mai/juni og september/oktober som er dei mest spennande tidene for fuglekiking.
Sidan øyane vest i Sogn og Fjordane er relativt lite besøkt av ornitologar er det framleis mogeleg å finne arter som ikkje er sett her før. Det gjer det litt ekstra kjekt å vere fuglekikkar nett her.
På veg til Værlandet tek ein ferge frå Askvoll. Her er eit av Sogn og Fjordanes finaste våtmarksområde i Askvika og Leira.
Velkomen til fugletur i Værlandet og Bulandet - staden der fugler og fuglefolk møtes.
Fugl i Værlandet/Bulandet i perioden september/oktober:
Over 200 ulike arter er registrert i september og oktober, så mangfoldet er stort av alt frå spurvefugl til rovfugl og sjøfugl.
Det store trekket av hvitkinngås passerer Værlandet og Bulandet i månadsskiftet september oktober på veg frå Svalbard til Skottland.
Av spesielle arter som er sett i Værlandet og Bulandet om hausten:
Gulnebblom
Egretthegre
Steppehauk
Svarthalespove
Polarsvømmesnipe
Polarlomvi
Skogdue
Turteldue
Hærfugl
Tartarpiplerke
Sibirpiplerke
Blåstjert
Svartrødstjert
Asiasvartstrupe
Gulltrost
Hauksanger
Gulbrynsanger
Rødstrupesanger
Ospesanger
Fuglekongesanger
Dvergfluesnapper
Rosenstær
Svartkråke
Båndkorsnebb
Dvergspurv
Svarthodespurv

