Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Fosen-prosjektet om kongeørn: Konklusjon som venta

Då Stortinget i juni 2016 gjekk inn for forskingsprosjekt på kongeørn som skadegjerar på beitedyr på Fosen i Trøndelag og i Troms, var BirdLife Norge av dei som etterlyste prioritet på først å få oppsummert allereie eksisterande faktakunnskap om problema i Norge.

Av Alv Ottar Folkestad, kongeørnekspert BirdLife Norge

Publisert 25.08.2023

Eit 5-årig forskingsprosjekt til 22 millionar vart sett i gang 2018, og BirdLife Norge stilte med klare forventningar om at når forsking var kravet for konklusjon, så ville det også setje stoppar for fokus på kongeørn som viktigaste årsak for lammetap beitedyr – for Fosen og Troms, og for landet for øvrig. 

Kunnskap finnes allereie i rikelege mengder, men politikerne må bruke den. Seinst i juli-august i år var tidlegare landbruksminister likevel frampå med friske fråspark om forskingsprosjekt på Fosen og i Troms for å sjå på «uttak» av kongeørn som tiltak mot tap av lam og reinkalv. Derfor er det dobbelt gledeleg – og tilfredsstillande – å sjå melding i dag, i god konkurranse med VM, og få presentert konklusjon av forskingsrapporten frå Fosen-prosjektet. Felling av kongeørn er ingen «quick-fix» mot tap av lam heter nyhendemeldinga frå NINA. Dei oppsummerer: Resultatene fra et forskningsprosjekt på Fosen viser at de fleste kongeørnene tok få lam i løpet av beitesesongen, og at en høy tetthet av kongeørn ikke nødvendigvis innebærer høye lammetap. Å felle kongeørn er i tillegg forventet å ha kortsiktig effekt på lammetapet ettersom nye ørner raskt fyller det tomrom som blir etter de som tas ut. Utsett slepp-dato for små lam er tilrådd som tiltak for å redusere tap på beite.

Med respekt å melde har dette vore utgangspunkt for BirdLife Norge gjennom snart 50 år, heilt frå første spede studiar av kongeørn som skadegjerar på beitedyr (lam og reinkalv) frå siste halvdel av 1970-talet, dels feltprosjekt med engasjement av medlemer og andre frivillige, dels og etter kvart i hovudsak ved prosjekt og innførte rutinar frå fagstyresmaktene for dokumentasjon. Konklusjonane har vore heilt eintydige og samsvarande og etter kvart underbygde på ein overtydande måte: Kongeørn er ingen stor predator på beitedyr.

Vi reknar med at rapporten frå Fosenprosjektet no set ein stoppar for vidare diskusjon om tiltak mot kongeørn ut over det eksisterande rovviltforskrift gir. Vi reknar og med at den nye landbruksministeren set fokus på årsakene til dei meir enn 98 % av totaltapa av lam på beite som ikkje er kongeørntap, og at han som representant frå det fylket i landet som har suverent flest sau og sau på beite, har god og oppdatert tilgang på praktisk kunnskap, ikkje minst fordi Rogaland er eitt av fylka med tettast hekkebestand av kongeørn pr. totalareal.

 

 

Kongeørn
Sumeffekten av kongeørnskade på sau og lam i Norge er mindre enn 2 % av totaltapet av dyr på utmarksbeite. For tamrein er tapstallet i størrelsesorden 4–6 % av totaltapet. I de få områdene med forhøyet tapsprosent må man få klarhet i de bakenforliggende årsakene til dette, da det ikke kan spores en rimelig sammenheng med tettheter i kongeørnbestanden. FOTO: Stig Frode Olsen