Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Vipe i knipe - erfaringer fra Sogn og Fjordane

Vipa går dramatisk tilbake i heile Norge. I Sogn og Fjordane hekker no berre knapt 40 par fordelt på 11 hekkelokalitetar. Ein indikasjon på kor mykje større bestanden av vipe var så seint som i 1990 er ein registrering på Artsobservasjoner ved Hafslovatnet i Luster kommune på 230 viper.

Av Anders Braanaas

Publisert 19.02.2019

NOF Sogn og Fjordane har dei to siste åra registrert hekkande vipe i fjordfylket. Vi vart inspirert av den flotte innsatsen som er gjort i Hordaland, og ønska å følge opp med dei ressursane vi har til rådvelde. No er rapporten klar og vil vere eit grunnlag for vidare oppfølging og overvåking av vipebestanden i Sogn og Fjordane.

Vipa har gått sterkt tilbake i Noreg, og det er estimert ein tilbakegang på hekkebestanden på 75 % dei siste 20 åra. Arten er no i gruppa Sterkt truga (EN) i den norske raudlista.

Av moderniseringstiltak i jordbruket som var særleg skadeleg for vipa dei siste 50 åra kan ein nemne overgang frå høy til siloslått, overgang frå fast gjødsel til gylle, større og meir effektive maskiner, auka bruka av sprøytemiddel og auka bruk av kunstgjødsel, noko som mellom endra artssamansetnaden og gav ei tettare eng som resultat. Desse tiltaka innebar økonomisk vinning for bonden, men gjorde landbruksarealet mindre eigna som hekkeområde for vipa. Eigenskapane til jorda og samansetninga av plantesamfunnet påverkar kva insekt som finst i jordbruksarealet, og dermed matfatet til vipa. I tillegg er bruken av store maskiner og nye driftsmetodar eit fysisk trugsmål mot reir og ungar. I rapporten (under) diskuteres også andre årsaker til kollapsen i vipebestanden, som predatortrykk og nedgang i antall meitemarker ved hekkelokalitetane.

Oppsummert var det par med hekkeåtferd er registrert på 11 lokalitetar i SFJ i 2017 og på 10 lokaliteter i 2018. Vellukka hekking (registert pulli) er registrert på 4 lokalitetar i 2017 og 5 lokalitetar i 2018.

 

Rapport 2017-2018

Varslande vipe
Varslande vipe på hekkelokaliteten i Leira i Askvoll kommune. Totalt er det nå rundt 40 par med viper i hele Sogn og Fjordane. FOTO: Anders Braanaas
vipe
Det er knyttet en del usikkerhet rundt årsakene til vipas bestandsnedgang i Norge. Det er imidlertid mer eller mindre enighet om at intensivering i landbruket og følgelig degradering av vipas hekkehabitater har mye av skylda. Dette inkluderer blant annet endrete driftsformer, drenering, sammenslåing av teiger og bruk av pesticider. Andre faktorer som klima, predasjon, ferdsel, utbygging og ødeleggelse av våtmark spiller mest sannsynlig også inn. FOTO: Ingar Jostein Øien