Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Oppskriftsmessig siger i Nyttårs-X for Midthordland

Nyttårshelga 30. desember – 1. januar gjekk det tradisjonsrike birdracet "Nyttårs-X" av stabelen i Hordaland for 36. gong. Spenninga om i kva region det vart sett flest fugleartar levde godt undervegs, men til slutt vart det som vanleg ein nokså trygg siger til Midthordland.

Av Oddvar Heggøy og Espen Bore Hollund

Publisert 09.01.2024

Ein konkurranse på ujamne vilkår?

I det tradisjonsrike Nyttårs-X kjempar regionane Nordhordland, Sunnhordland, «Midthordland» og Indre Hordaland om kor det kan verte påvist flest fugleartar. Dei fleste med eit minimumsnivå av fuglekunnskap forstår nok ganske kjapt at dei indre delane av Hordaland vil få det tungt i ein slik konkurranse, grunna ein naturleg lågare artsdiversitet, ikkje minst på denne tida av året. Samstundes er det heller ikkje så vanskeleg å forstå at Midthordland, med alle fuglekikkarane i Bergen, og den mest artsrike enkeltlokaliteten i Hordaland (Herdla på Askøy), har eit naturleg fortrinn. Difor handlar den meir rettferdige delen av konkurransen om kampen mellom Midthordland og resten, ein kamp Midthordland som oftast ror trygt i land.

Comeback for trelerka

Innsatsen i siste versjon av Nyttårs-X var som vanleg upåklageleg over heile Hordaland, med til saman litt over 2 500 rapporterte observasjonar. Til saman vart 111 artar rapporterte, der den sjeldnaste utvilsamt var dei tre trelerkene som har hatt tilhald over ein lengre periode i Etne. Dette var eit etterlengta comeback for trelerka under Nyttårs-X, som etter eit opphald på 31 år igjen sette sitt preg på artslista. Første rapport av trelerke under Nyttårs-X er frå Midthordland 1992, og allereie året etter kunne dei skilte med trelerke igjen, men då saman med Indre Hordaland, som også hadde eit funn av arten det året.

Midthordland vann igjen

Også mange andre spanande artar vart påvist, inkludert sjeldne vintergjester som tjeld, myrsnipe, lunde, jernsporv og heipiplerke, og fåtalige artar som grønlandsmåke, haukugle, varslar, kornkråke og svartkråke. Det låg lenge an til å bli ein ganske jamn kampen mellom Midthordland og resten av Hordaland, og då tala vart sjekka seint på kvelden etter dag to av Nyttårs-X var det registrert like mange artar i Midthordland og dei tre andre regionane. Av dei fire regionane kom Midthordland som venta best ut med 98 artar, føre Sunnhordland med 73 artar, Nordhordland med 58 artar og Indre Hordaland med 62 artar. Samanlagt hadde dei tre siste regionane 91 artar, så det vart nok ein gong ein ganske trygg siger til Midthordland.

Uutnytta potensiale i nord og sør

Fleire kommunar stod med få eller ingen rapporterte observasjonar denne gongen, og lite overraskande var alle desse utanfor Midthordland. Ingen observasjonar vart rapportert frå kommunane Masfjorden, Modalen, Ulvik, Eidfjord og Tysnes, og den artsrike kystkommunen Sveio stod med berre nokre få funn. Særleg peikar skjergarden i Sunnhordland seg ut som eit stort område med eit potensiale som er dårleg utnytta. Til dømes var lunde den einaste alkefuglen som vart registrert (ironisk nok). Også lomane glimrar med fråværet sitt på lista for kommunane utanfor Midthordland. Skal resten av Hordaland klare å slå Midthordland i denne (rett nok ganske uhøgtidlege) konkurransen, må ein nok setje alle klutar til også i desse områda. Ein ny sjanse kjem allereie neste år!

Trelerke i Etne
Trelerke vart registrert for fyrste gong på 31 år under årets Nyttårs-X. FOTO: ©Terje Håheim
Grønlandsmåse på Bømlo
Etter første funn av grønlandsmåse i Sunnhordland under Nyttårs-X 1998/99 vart det funntørke i over 20 år, før den no har blitt observert 2 år på rad. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Gråtrast på Herdla
Gråtrast er ein relativt fåtalig art i Hordaland vinterstid, og dei fleste funn under Nyttårs-X var av enkeltindivid, eller små flokkar. Unntaket var å finna i Vallandsåsen i Norheimsund, der det vart rapportert om 50 individ på næringssøk. FOTO: ©Olav Moberg