BirdLife Telemark
Kartlegging på Hardangervidda for andre år på rad
I 2024 fekk BirdLife Telemark for fyrste gong tilskot frå BirdLife Norge til å drive med kartlegging av fugl i område der det ikkje har vore gjort nemneverdig slikt arbeid før. Me avgrensa søket til Vinje kommune sin del av Hardangervidda i 2024, i år utvida me søknaden til òg å gjelde Tinn kommune, men framleis med Hardangervidda som avgrensing. Å avgrense dette førebels til Hardangervidda har å gjera med at BirdLife Telemark er med i ei samarbeidsgruppe på tvers av fylkesgrensene på Vidda: Dette omfattar fylka Buskerud, Telemark og (tidlegare) Hordland handlar. Ei støtte på 25 000 kr frå BirdLife sentralt gjorde dette mogleg, og midlane har me nytta godt, vil eg påstå.
Av Kjell Bitustøyl
Publisert 17.12.2025
Vidda er stor og me er få som kan drive eit slikt arbeid i løpet av ein sommar, difor fortsette me litt der me slapp i fjor, i Vinje, men to stykke drog til Tinn, slik at då er me i gang der òg. Og når det er sagt, må ein berre understreke at der er mange som gjennom fleire år har kartlagt delar av dette store fjellplatået og lagt opplysningane inn på artsobservasjoner.no. Men slik registrering har tidlegare ikkje vore gjort systematisk, men meir tilfeldig etter kva den einskilde har funne ut kan vera aktuelt. For fyrste gong er me no godt i gang med systematisk å finne fram til det me kallar «kvite område» som treng å undersøkjast. Dokumentasjon av fuglar som er på raudlista er òg eit poeng i dette arbeidet. Ein rask oversikt over dei funna som er gjort, viser at av dei seks turane som er «innafor» dette systemet, er der for sommaren 2025 registrert raudlista artar for kvar gong me har vore ute, ein oversikt kjem på slutten av artikkelen.
Så blir det ikkje plass til alle som kan ha lyst til å gjera slike kartleggingsturar innafor eit avgrensa budsjett, men me greidde å involvere fleire folk i år enn i oppstartsåret 2024, og det er planen å utvide ytterlegare for sesongen 2026. Me er flest frå lokallaget BirdLife Indre Telemark som har delteke i dette arbeidet, med det utelukkar ikkje folk frå andre delar av fylket! Som lokalkjent i store delar av fjell-Telemark har eg sjølv vore aktivt med både i fjor og i år, ettersom litt av målet har vore å involvere nye folk som er mindre kjent i områda, og som kanskje treng litt oppstartshjelp for å bli betre kjent med fjellfuglane. Og der er det berre èin metode som gjeld: Å vera med ut saman med ein som kjenner dei fleste av fjellfuglane, og som kan hjelpe til med kva som er mest sannsynleg å treffe på. Samtidig må ein vera merksam på at der kan koma overraskingar! Det er nettopp slikt som gjer denne type oppdrag så spennande!
Og i august drog Morten og Arne Hjeltnes til Kalhovdområdet, også eit svært aktuelt område å kartleggje grundigare. Noko er gjort her frå før, men her er nok å ta av, store vidder og fleire interessante lokalitetar. 12 ulike artar blei observert på denne turen, blant anna ei storspove som er i kategorien sterkt trua på raudlista.
Lista over raudliste-artar slik ut: Tur 1. (Christian Dalen) 7 stk. Tur 2 (Kjell B) 6 stk. Tur 3 (Morten og Kjell) 4 stk. Tur 4 (Line, Sigrun, Jan Olav og Kjell) 2 stk. Tur 5 (Morten og Arne H) 4 stk.
Tekst og foto: Kjell Bitustøyl



