Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Rufsevêr, naustvarme og båtkos på Espevær

I høve October Big Day arrangerte BirdLife Sunnhordland tur til idylliske Espevær laurdag 10. oktober 2026. Trass i så-som-så vêrutsikter møtte sju personar opp for ein runde med fuglekiking i det vesle øysamfunnet. Haustvêret baud på ekte vestlandsk lynne med 6–8 m/s vind, overskya himmel og stadige regnbyer.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 11.10.2026

Etter å ha venta ut ei regnbye då me gjekk av båten, la me i veg for å sjekka ut kva som rørte seg i buskar og kratt rundt om på øya. Hausttrekket var allereie godt merkbart: 22 grågjæser strauk sørover i plog, og sju nøtteskriker var på farten mot sør. Inne i krattet trassa gjerdesmettane blesten med frisk song, medan raudstrupar og svarttrastar spratt rundt i buskane.

Etter eit par timar i felt var me klare for å setja til livs nistematen vår. Då var me veldig glade for at ein av deltakarane stilte med tak over hovudet i eit lunt naust. Her fekk me trekkja oss innomhus, tørka dropane av kikkertlinsene og eta nista i livda. Etterpå tok han oss med ut i ei open tresnekke for ein kort sightseeing i dei smulaste farvatna rundt Espevær. Dette var nok dagens absolutte høgdepunkt, og det baud på gode observasjons- og fotomoglegheiter av sjøfuglane som rasta på holmar og skjer. I tillegg fekk me prikka inn ein ekstra art i form av to brunnakkar som trekte rett over båten.

Vel på land att gjekk me ein liten runde til. Der støytte me på den kanskje mest uventa arten for dagen, ei linerle som trippa aktivt rundt og søkte næring. Det vart veksla nokre anerkjennande blikk i gjengen, for det er ikkje årvisst med ein sopass sein observasjon av linerle på Bømlo. Erla var såleis òg eit kjærkome tilskot til ei elles grisen observasjonsliste!

Sjølv om rovfuglane – med havørn i spissen – glimra totalt med fråværet sitt, og flesteparten av finkane og alle Phylloscopus-songarane tilsynelatande hadde gøymt seg godt vekk for vindkasta og regnet, vart det ein innhaldsrik tur med totalt 31 registrerte artar.

Alt i alt vart det ein særs triveleg dag på Espevær, der kombinasjonen av flott natur, godt selskap og ein uventa båttur gjorde turen fullkomen.

Gråhigre
Gråhigren var godt kamuflert ute i holmane FOTO: ©Espen Bore Hollund
Brunnakke
Denne brunnakken var nok lei av regn og synkande temperaturar, så han var på veg sør. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Toppskarv
Toppskarven synte seg godt fram på eit skjer FOTO: ©Espen Bore Hollund
Linerle
Me gjorde eit uventa funn av linerle mot slutten av turen. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Nøtteskrike
Sju nøtteskriker flaug over oss i samla flokk. Denne fuglen hadde med seg litt niste. FOTO: ©Espen Bore Hollund