BirdLife Hordaland
Forvekslingsartar
Haustens første medlemsmøte i Bergen lokallag gjekk av stabelen 8.9. Temaet var forvekslingsartar, og mange hadde funne ut at det kunne vere nyttig å vite meir om.
Av Anders Heien
Publisert 08.09.2026
Heile 39 møtte opp i Thormøhlensgate, så mange at lokalet nærmast blei fullt. Det er også stas at det stadig dukkar opp nye fjes på møtene våre. Terje Hansen og Stein Rune Risa hadde sett saman eit velkomponert "dialogisk"foredrag med bruk av både bilete og lyd. Her fekk me lære om kva ein bør fokusere på når ein slit med å skilje t.d. gransongar og lauvsongar, eller ulike piplerker i felt. Vadarar, terner og måkeartar kan vere vanskeleg å artsbestemme, og også her fekk me gode tips. Stein Rune avslutta det heile med ein morosam, liten kviss, og etter det slo mange seg ned for ein prat med lett bevertning.
