Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Forsmak på våren då fugleentusiastar inntok Fitjar og Stord

Etter at store snømengder stakk kjeppar i hjula for ei god oppleving langs Fitjar-vegane helga før (sjølv om vêret eigentleg var upåklageleg då òg!), fekk Bergen og Sunnhordland lokallag gjennomført fellesturen laurdag 28. februar. Heile 24 skodelystne deltakarar stilte til start i Fitjar sentrum. Sola skein, men det var framleis eit kaldt drag i lufta, og den skikkelege vårkjensla lét framleis venta på seg.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 01.03.2026

Turen starta til fots i og rundt sentrum, og det gjekk ikkje lang tid før dei første godbitane kunne noterast på blokka. På ein av bakkane fann me tre grågjæser i storfint selskap med to tundrasædgjæser og ei kortnebbgås. I motsetning til grågåsa, som me observerte fleire stader i løpet av dagen, vart dette det einaste møtet med dei to sistnemnde artane. Litt seinare fekk me òg eit flott skode då ein flokk på heile 31 grågjæser flaug over oss.

I Fitjarelva farta ein fossekall ivrig rundt etter mat, før han tok seg tid til ein liten «trall» under brua ved elveutløpet. For troppen var det òg stas med ei vintererle som smatt forbi for nokre av oss, pluss to tyrkarduer – ein art me diverre ser altfor sjeldan her vest no til dags. Kaffi og nistepakke vart deretter fortært i strålande sol på kaien ved «Larsen», der to havørner sytte for underhaldninga ved å leika i lufta litt lenger borte.

Med ny energi flytta me oss sørover til Kyrkjeberget på Stord. Sjølv om ein del av følgjet «skala av» på Fitjar, var me framleis ein solid gjeng som la i veg oppover langs Frugardselva. I elveosen var det eit yrande liv av stokkender, gråmåsar og fiskemåsar, og litt oppe i elva fekk me gode høve til å studera toppendene som heldt seg der. Neste etappe gjekk til Sævarhagsvika. I tillegg til ein del måsar av forskjellige slag, var det helst kråke og gråhegre som dominerte i antal. I tillegg kunne me notera 15–20 ærfuglar og eit knippe silender som duppa ute i vika. Inne på land beita seks grågjæser på bakkane ut mot Hovaneset, akkompagnert av ei kaie som skravla i det fjerne.

Siste stopp for dagen var lærarskulehagen. Rundt fôringsplassen ved barnehagen lyste fargerike dompapar og spettmeisar opp. Med eit slikt utval av eksklusive stamgjester på fôrbrettet, var det fleire av deltakarane som fleipa med at dei brått fekk lyst til å byrja i barnehagen igjen! Dei gjævaste høgdepunkta kom deretter frå lufta: Nokre stillitsar flaksa over hovuda våre, før ein kjernebitar byrja å syngja våren inn – i den grad ein kjernebitar faktisk kan syngja! Me runda av dagen med ein tur ut mot Kyvika, der me fekk med oss dagens einaste vadefugl; ein einsleg tjeld på Kyvikeskjeret.

Sjølv om vinteren framleis klamra seg fast i skuggeparti på isete vegar, var lyden av syngande kjernebitar og synet av gjæser eit klårt prov på at me går lysare tider i møte. Det vart ein dag fylt av eit variert utval artar, godt lag og eit hint av vår – akkurat slik ein februardag i Sunnhordland er på sitt beste.

 

Tundrasædgås i sikte
Tundrasædgås i sikte FOTO: Anders Wæraas Aune
Det var fuglerikt ved utløpet til Frugardselva
Det var fuglerikt ved utløpet til Frugardselva FOTO: Anders Wæraas Aune
Fossekall
Fossekall i Fitjarelva FOTO: ©Espen Bore Hollund
Grågås
Grågåsa var begynt å kome attende til hekkeområda sine FOTO: ©Espen Bore Hollund
Sævarhagsvika
Utsyn over Sævarhagsvika FOTO: ©Diane Berbain