Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Hekta på fugl!

Onsdag 12. november arrangerte BirdLife Sunnhordland føredragskveld på Stord. På programmet stod Stein Rune Risa med føredraget «Hekta på fugl» – ei inspirerande reise som viser kor fort lidenskapen kan ta overhand.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 16.11.2025

Det er ikkje kvar dag ein får høyre historia til ein fuglekikar som har gått frå fersk nybyrjar til røynd feltmann og fotograf på eit par år. Stein Rune Risa starta si «karriere» våren 2023, etter innkjøp av ei telelinse. Den første reine fuglekikarturen gjekk til klassiske Herdla – og då var det gjort.

Under føredraget fekk publikum vera med på denne reisa. Stein Rune delte raust av erfaringane sine og gav forsamlinga ei flott innføring i både gleder og utfordringar ein kan oppleva som fuglekikar. Me fekk alt frå gode, praktiske tips til nye fuglekikarar, til ei innføring i kor umogleg det kan opplevast å skilja dei forskjellige måseartane frå kvarandre, spesielt dei unge. Det var også underhaldande å høyra Stein Rune fortelja om «terminologien» som blir brukt blant (nokre) fuglekikarar, og me fekk læra om alt frå rykking til pissekryss.

Det heile vart bunde saman av ei rekkje flotte bilete. Stein Rune viste fram fleire blinkskot og krydra dei med interessant tilleggsinformasjon om artane og situasjonane. Det er tydeleg at han har brukt tida si godt, og føredraget var eit prov på at ein ikkje treng tiår med erfaring for å både meistra kunsten å formidla gleda ved fuglar.

Mot slutten av føredraget viste Stein Rune fram nokre digitale verktøy han har utvikla på fritida. Eitt av dei gjer fugleobservasjonar frå artsobservasjoner.no lett tilgjengelege, med oversiktleg statistikk og enkle samanlikningar mellom ulike observatørar. Her kan ein sjå kven som har registrert flest artar i ein månad, eller følgje med på «topp månadskryss» gjennom året. Funksjonane finst delvis på artsobservasjoner.no frå før, men i denne løysinga er alt samla i eit enklare og meir visuelt tiltalande format.

Det andre verktøyet er ein KI-integrasjon mot artsobservasjoner.no. I staden for å bla i rådata kan han stilla spørsmål og få svar på ein meir folkeleg måte. Verktøyet gjer det mogleg å samanlikna funn mellom ulike observatørar, og KI-en kommenterer til og med kor «gode» funna var. Til dømes fekk underteikna beskjed om å ha funne eit «førsteklasses individ» av raudtoppfuglekonge 9. november – KI-språk for ein sjeldan og flott observasjon.

Sosialt påfyll og populære hefte

Ein viktig del av lokallaget si verksemd er det sosiale. Etter føredraget vart det servert pizza og julekjeks, og praten gjekk livleg mellom dei frammøtte. Dette skapte ei lun og sosial ramme med gode høve til å slå av ein prat med både kjende og nye fjes. Slike arrangement er òg ein viktig arena for rekruttering. Me hadde med oss heftet Oppdag fuglenes verden, som forsvann som varmt kveitebrød. Det viser at interessa for å spreia fuglekunnskap er stor. Heftet inneheld flotte illustrasjonar og namn på hundre fugleartar, med avkryssingsboksar for kvar art. Det passar like godt for barn som for vaksne fuglekikkarar.

Kvelden vart gjennomført med aktivitetstilskot frå BirdLife Norge. Desse midlane var eit godt bidrag for å få til den flotte kvelden og me er svært takksame for bidraget!

Me takkar Stein Rune Risa for eit strålande føredrag og alle som møtte opp og bidrog til den gode stemninga!

Stein Rune i aksjon
Stein Rune i aksjon FOTO: ©Espen Bore Hollund
Skjermbilete av løysinga Stein Rune jobbar med
Skjermbilete av løysinga Stein Rune jobbar med
Skjermbilete av KI-løysinga Stein Rune har sett i stand
Skjermbilete av KI-løysinga Stein Rune har sett i stand