Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Tur til Espevær

I høve den internasjonale «October Big Day», laurdag 11. oktober 2025, arrangerte Sunnhordland lokallag fuglekikartur til det vesle øysamfunnet Espevær sørvest i Bømlo kommune. Med åtte deltakarar var oppslutninga god og me såg fram til ein spanande dag med fokus på haustfuglar i kystlandskapet.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 14.10.2025

Espevær ligg strategisk til for trekkfugl langs kysten, og vegetasjonen på øya gjev ly for fugl som elles berre ville passert forbi. Sjølv om me ikkje ventar oss «bomber» i same kaliber som på Utsira, er øya kjend for å levera fine tal på rastande småfugl og kanskje nokre spanande artar på hausttrekket, så forventningane var til stades.

Første stopp for følgjet var i dei lune hagane og buskfelta nær kaien. Dette er alltid ein god stad å leita etter songarar og sporvefuglar. Her krydde det raskt av vanlege haustartar, som kjøtmeis og raudstrupe. Etter kvart dukka det opp både munk og gransongar som ivrig søkte føde. Me vende snart nasen mot utmarka og særleg vart me glade då det tidleg på turen hoppa ein flott raudstrupe framfor oss. Han var nok ikkje heilt nøgd med alle oss som stod og kikra på han og fotograferte ivrig, men flotte bilete vart det. Elles var det mange gjerdesmettar som let seg høyra rundt heile øya.

Me lista oss vidare langs ein smal sti, over ei bru og ein haug, og snart var me framme ved kanskje den største turistattraksjonen på øya, UFO-ringen. Her hadde me ein kort matpause før me trakka oss vidare rundt mot Svartesjøen. Ei havørn gav lyd frå seg og eit par ramnar patruljerte over oss. Dagens kanskje høgast verdsette observasjon kom i form av ni furukorsnebbar som sette seg høgt i ei gran og tok fatt på konglene der. Andre kjekke observasjonar var to flaggspettar som landa like ved turfølgjet, ein trekrypar som var grei nok til å la seg observera, og ei toppmeis som lokka ivrig i det me nærma oss Svartesjøen. Mot slutten såg me òg ei vintererle som flaug forbi i det fjerne.

Nok ein gong hadde me nokre særs trivelege og lærerike timar ute i felt, som endåtil gav nye artskryss for nokre av deltakarane. Talet på fugl var om lag som venta, sjølv om typiske artar som raudvengetrast og bjørkefink ikkje var å sjå. Med unntak av nokre få, lette regnskurar var vêret heilt topp, og litt i varmaste laget for dei av oss som var i overkant godt kledde. Totalt kom me opp i 34 artar på turen, eit akseptabelt tal som speglar at trekket no er på hell, men som også syner litt mangfaldet på Espevær.

Raudstrupe
Ein ivrig raudstrupe poserte fint og lenge for oss på kort hald. FOTO: ©Gunnar Olsen
Gjerdesmett
Det krydde av gjerdesmett på øya og dei 20 som vart rapporterte på artsobsevasjoner.no er eit nokså nøkternt estimat. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Grønfink
Denne grønfinken fann mat i ein tujabusk. FOTO: ©Espen Bore Hollund