Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Hausttur til Utsira med Sunnhordland lokallag

Dei siste åra har Sunnhordland lokallag hatt tradisjon for å arrangera tur til Utsira om hausten, og i år var ikkje noko unntak. 8. oktober retta me kursen mot vest, og med seks deltakarar såg me ei dobling frå fjorårets heller våte oppleving under tilsvarande tur.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 12.10.2025

Utsira har lang tradisjon bak seg når det kjem til å trekkja til seg det som på fuglekikarspråket heiter bomber – altså særs sjeldsynte fuglar – kanskje spesielt i «bombevekene» 39 til 41. Sjølv om me enno skriv veke 41 i kalenderen, kan me nok med stor sikkerheit seia at den største bomba kom relativt tidleg i løypa, med ein gråflankeflugesnappar torsdagen i veke 39. Dette er andre gong arten er påvist i Noreg og det fjerde funnet av arten i heile Vest-Palearktis!

Etter gråflankeflugesnapparen og ein åkersongar hakk i hel 25. september vart det ikkje meldt om dei heilt store bombene på Utsira i forkant av turen. Dette skuldast truleg til dels den tidlege hauststormen Amy, som råka store delar av Sør-Noreg midt i beste bombetid. Med ein viersporv som vart observert så seint som dagen før turen, var likevel dei fleste i følgjet ikkje heilt utan von om nye artar på lista i laupet av dagen.

Første stopp var i Herberg – ein kremlokalitet for små sporvefuglar om hausten og kanskje den største hotspoten for gulbrynsongar, kommunefuglen til Utsira. Her krydde det mellom anna av fuglekongar og gransongarar, i tillegg til ein einsleg raudstjert som poserte fint for fotografen. Etter ei stund lista me oss vidare mot hagen som ifølgje skiltet på hagegjerdet heiter Bombehagen. Denne er også kjend som Grotlehagen. Det var i dette området viersporven hadde blitt sett dagane i førevegen. Då me kom fram, kunne diverre fleire observatørar informera om at fuglen ikkje var sett etter gårsdagen. Trøysta var dagens einaste gulbrynsongar som etter kvart lokka ivrig ved Bombehagen. 

Resten av dagen gjekk med til å undersøkja forskjellige lokalitetar rundt øya, inkludert ei økt med sjøfuglskåding frå Pedleneset. Generelt var det ikkje dei store mengdene av fugl å sjå, og dei fleste artane me såg var slike me kunne forventa å finna. Eit par unntak var ein lite poseringsviljug røyrsongar, som me etter litt innsats klarte å leita opp på søppelplassen, og ein horndykkar i Nordevågen. Det var visst fem år sidan førre funn av horndykkar på Utsira, så den var eit fint tillegg på lista for dagen. Elles observerte me mellom anna eit par-tre sporvehaukar som patruljerte øya, fleire vintererler og eit par snøsporvar.

Trass i eit magert utbyte på «bombefronten» hadde me nokre særs hyggelege timar ute på denne perla i vest. Vêret var behageleg, med for det meste sol, fin temperatur og akseptable vindforhold. Praten sat laust når det var opning for det, og tida gjekk fortare enn ein kanskje skulle tru. Resultatet var at fleire lokalitetar ikkje vart sjekka ut grunna for lite tid. Totalt observerte me 47 artar på turen.

Vintererle
Me såg fleire vintererler på turen. To av dei var ekstra på tilbodssida og lot seg avbilda under insektsjakt på fotballbanen. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Horndykkar
Horndykkar er eit relativt sjeldent syn på Utsira, men denne vart funnen same dag som me var på tur. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Raudstjert
Denne raudstjerten let seg ikkje be to gongar når det kom forbi folk med lange linser. FOTO: ©Espen Bore Hollund