BirdLife Hordaland
Bergen og Sunnhordland lokallag på tur til Bømlo
Laurdag 20. september arrangerte 2/3 av lokallaga i Hordaland fellestur til Bømlos beste vestkant, nærare bestemt Hiskjo. Heile 22 deltakarar møtte opp for å bidra til ei god felles fuglekikarøkt.
Av Espen Bore Hollund
Publisert 20.09.2025
Som alltid når ein skal ut på leiting etter fugl på vestlandet er vêret eit heitt tema. Denne dagen var vêrgudane berre sånn passe på lag, og hadde gjort klar ein god blest frå sør, men dei hadde heldigvis ikkje fylt så mykje vatn i skyene at dei rann over. Temperaturen var rundt 16° C, så alt i alt var det levelege forhold ute i felten.
Allereie før Bergensgjengen hadde kome fram kunne me kryssa av dei første artane, i form av ung fiskemåse og tårnfalk – ein god start! Medan me gjorde oss klare til ein tur i terrenget kom ein flokk med åtte fiskemåsar trekkande over oss, og gav von om at det kunne bli ein del trekkjande fugl denne dagen. Det vart for det meste med nettopp det, vona altså, og resten av dagen såg me berre fem heiloer og ei vintererle som kunne seiast å vera tydeleg på trekk. Resten såg ut til å vera meir eller mindre stasjonære fuglar.
Me byrja med å gå ein runde i det kuperte terrenget vest på Hiskjo. Det var ikkje så mykje å sjå, men ei havsule i det fjerne og eit par svartstruper var lyspunkt. Deretter gjekk me over moloen og sjekka ut områda på Hiskholmen. Her finn me eit område med flotte gamle lauvtre og det tikka raskt inn fleire nye artar på lista, mellom anna spettmeis og toppmeis. På veg attende mot bilane tok me ein omveg for å sjå om me fann att ei storspove og ei lappspove som hadde blitt observert av nokon som ikkje var med ute i terrenget. Det flaksa opp tre enkeltbekkasinar før me kom fram til den aktuelle enga for spovane. Me hadde hellet med oss, og alle fekk sjå begge fuglane godt før me gjekk attende til bilane.
Etter ein kaffipause sette me oss i bilane og køyrde mot Melkevika. Planen var å sjekka ut fuglelivet i vika og langs turstien, men då me kom fram var Melkevika fullt opp med eit brurepar med gjestefølgje! Ingen av oss såg seg syn i å skotra så det vart derfor ei litt amputert økt i dette området, med berre éin ny art på lista – granmeis.
Vidare gjekk turen til ein lokalitet på Hallaråker der det dagen i førevegen vart observert ein gulbrynsongar. Me fekk sett oss godt rundt i det flotte området, ei slåttemark omkransa av gamle lauvtre og forskjellige buskvekstar. Trass god livd og fine forhold hadde gulbrynsongaren flytta seg til ein annan plass, og var ikkje å oppdriva. Plasteret på såret var ein einsleg gransongar som «tuita» i eit tre der.
Siste stopp på turen vart lagt til den velkjende fuglelokaliteten på Kjøl. Dette er eit nokså ope område og vinden gjorde seg godt til kjenne. Likevel fekk me prikka inn nokre nye artar her òg, der kanskje sivsporv var den gjævaste.
Til slutt viste fasit 44 artar på lista. Det vart ikkje den heilt store dagen korkje med tanke på antal artar eller antal fuglar generelt. Dette var heller ikkje heilt uventa, vêret teke i betraktning. Det vart likevel nokre hyggelege timar saman med likesinna og mange sette pris på å få utforska nye område på Hiskjo.
Artslista for turen finn du HER.



