Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Forvalting av hubro mot 2020 i Hordaland

NOF Bergen lokallag inviterer til medlemsmøte tirsdag 11 november kl 19:00. Sted UiB, Marineholmen. Magnus Johan Steinsvåg frå fylkesmannen fortel om deira arbeid med å ta vare på hubroen i Hordaland. Hubroen er raudlista som sterkt trua i Noreg, og Hordaland er blant fylka med størst førekomst av hubro.

Av Lars Ågren

Publisert 28.10.2014

Magnus Johan Steinsvåg frå fylkesmannen fortel om deira arbeid med å ta vare på hubroen i Hordaland. Hubroen er raudlista som sterkt trua i Noreg, og Hordaland er blant fylka med størst førekomst av hubro. Vi har såleis eit stort forvaltingsansvar for arten i Noreg. Korleis vi forvaltar arten, byttedyra og habitata, vil avgjere kva bestand vi også vil ha utafor stovedøra vår i framtida.

Men trass dette har hubroen lenge vore eit spøkelse for oss! Den er anonym og kanskje den vanskelegaste arten å studere i felt. Derfor har Fylkesmannen i Hordaland tatt initiativet til eit breifagleg «bergingsaksjon» for hubro i ytre Hordaland. Prosjektet vil gå over fleire år, og er eit tverrfagleg samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, BKK Nett AS, Ecofact AS, Universitetet for miljø- og biovitenskap, og Norsk Ornitologisk Foreining avd. Hordaland.

Øygarden, Fjell og Sund kommunar utgjer studieområdet for prosjektet og arbeidet skal gje meir kunnskap om hubrobestand og trugsmål. Lytting etter hubro, kartlegging, reirkontroll, satellittmerking er nokre av stikkorda for arbeidet. Det vert også lagt inn store ressursar på å gjere tiltak på kraftliner som utgjer trugmål mot hubro.

Erfaringane frå prosjektet skal danne grunnlag for arbeid på hubro andre stader i Hordaland og i resten av landet.

Hubroblikk
FOTO: Magnus Johan Steinsvåg